NY DAGLEG LEIAR, VEØY MØRE AS
Styret i Veøy Møre AS har beslutta å tilsette Lars Christian Skage som ny Dagleg Leiar, han vil starte etter nærare avtale på vårparten 2024.
Veøy Møre AS er lokalisert på Vegsund i Ålesund, våre 90 medarbeidarar handterar meir enn 50 lastebilar, og årsomsetning er ca 160MNOK. Selskapet skal iløpet av 2025 flytte inn i nytt adm/terminalbygg på Digerneset. Vi er del av Veøy-konsernet som er eit av dei største privat-eigde transportselskapa i Norge.
Konsernet har avdelingar i Trondheim, Orkanger, Molde, Åndalsnes, Ålesund, Bergen, Haugesund, Stavanger, Kristiansand, Sandefjord og Oslo.
Tilsaman har konsernet over 400 lastebilar og er samla meir enn 700 tilsette.
NY DAGLEG LEIAR, VEØY MØRE AS
Veøy Møre AS sin aktivitet og vekst har medført behov for styrking av ledelse, ikkje minst for å ivareta vidare utvikling og innflytting til nytt terminalbygg på Digerneset tidlig i 2025.
Dagens organisering der Lars Elling Bjåstad som Konsernsjef i Veøy-konsernet også har fyllt rolla som Dagleg Leiar i Veøy Møre gjennom 8 år blir dermed endra.
Styret i Veøy Møre AS har beslutta å tilsette Lars Christian Skage som ny Dagleg Leiar, han vil starte etter nærare avtale på vårparten 2024.
Lars har opprinnelig erfaring som yrkessjåfør i Veøy og SRB fram til 2007, men har dei siste 17 åra jobba i Schenker AS som Befrakter Utland, Avdelingssjef Utland og sist som Distriktssjef for avd. Stryn, Ålesund og Molde med ansvar for Drift, Personal & Marked.
Lars kjenner dermed transportbransja, med operativ og overordna erfaring som vil klaffe godt til sin nye jobb i Veøy Møre AS. Hans primære oppgåve blir å lede og utvikle selskapet i tråd med styre og konsern sine overordna målsettingar. Kundefokus og kvalitet skal stå sterkt her.
«Konsernsjef Lars Elling Bjåstad er tilfreds med å få Lars Christian Skage til Veøy Møre AS og har god tru på at han og resten av staben kan løfte selskapet vidare til neste nivå. Det er ellers hyggelig at han no er tilbake der han opprinnelig starta si karriere i transportbransja».
Lars Elling Bjåstad fortsetter som Konsernsjef og blir deltakende i Veøy Møre AS og dei andre selskapa som før gjennom styret og ellers generell oppfølging.
Ev. spørsmål kan rettast til:
Konsernsjef Lars Elling Bjåstad, 908 82157, lars.elling.bjastad@veoy.no,